Treng du ny håndsåpe?

Hendene er vel den kroppsdelen  som blir vaska oftast, og å ha ei god såpe til å gjere jobben er viktig! Hendene skal blir skikkeleg reine etter vasken, men vi ynskjer ikkje at dei blir turre etterpå.

Håndvask med heimelaga såpe frå Fjellbit.

Alle såper frå Fjellbit passar til handvasken, men kva for ei såpe du vel er litt smak og behag. Så kva er så skilnaden mellom dei ulike såpene? Her kjem ei lita oversikt:

Olivensåpe og olivensåpe med honning

Dei aller mildaste og mest skånsomme for huda, laga av 100 % olivenolje. Godt med ekstra olivenolje vil gje ekstra pleie og fukt. Val nr 1 om ein har sensitiv eller spesielt tørr hud.

HONNINGSÅPE, RINGBLOMSTSÅPE, FJELLSÅPE, GROBLAD -OG BRENNHETOSÅPE, HEIMULESÅPE:

Dette er alle gode såper til håndvasken. Alle er laga med same basisoppskrift med olivenolje, kokosolje og rapsolje, og er tilsett ulike urter eller honning for å gje ekstra hudpleie.

KAFFESKRUBB, GULLSKRUBB:

Skrubbesåpene er tilsett råvarer som vil skrubbe huda når du vaskar deg, noko som kan vere godt om du er ekstra skiten på hendene. Kaffegrut i Kaffeskrubben vil gje ein lett skrubb, medan byggskala i Gullskrubben vil skrubbe litt hardare. Oppskrifta er laga med blant anna sheasmør, eit vegetabilsk feittstoff som er veldig god for huda.

TALGSÅPE, BESTEMORS FINSÅPE, REIN, SKOGSDRAUM:

For deg som ynskjer talgens gode eigenskapar i tillegg til dei vegetabilske oljene. Ulike urter vil bidra til god hudpleie.

Fleire av kundene til Fjellbit fortel at etter dei byrja med håndsåpe frå Fjellbit har dei fått mindre tørre hender og treng å bruke handkrem sjeldnare enn før!