Fjellbit gjev deg ein liten bit av fjellheimen

«Dette var ei alvåleg til finsåpe». Dette vart starten på Fjellbit – eit lite gründereventyr i fjellbygda Skjåk.

Med respekt for arven frå bestemor, naturen som omkransar heimgarden, og ikkje minst eiga fagkompetanse innan biologi og ernæring, gjev Fjellbit-gründer Ragnhild Løkken deg ein liten bit av Fjellheimen med produkta sine.

Fjellbit er ei litol gründerbedrift som held til på ein liten gard i fjellbygda Skjåk, øvst i Gudbrandsdalen.

På garden, som blir drive av Ragnhild saman med ektefellen Ola, har tradisjonsrik gardsdrift med grasproduksjon og ammekyr nå gjeve plass til både bier og såpeproduksjon.

Ragnhild i Fjellbit med damskstakk med grønt liv og nyplukka ringblomstblad.

Før i tida vart det laga såpe på alle gardar. Det er dette tradisjonshandverket Ragnhild ville lære av bestemor på garden, og ikkje minst føre viare. Ragnhild tok det fyrste steget, og laga ei såpe med oljer og urter som ho gav til bestemor si. Bestemor synest dette var «alvåleg til finsåpe», og var nok både stolt og glad for at nokon ville føre bestemorsarven viare.

Bakstrommet, der bestemor før baka tradisjonsbakst som mjukbrød og hardbrød, vart etter kvart bygd om til såpeverkstad. Med god nytte i erfaringa frå blant anna mellomfag i biologi, har Ragnhild i dag utvikla tradisjonshandverket viare. I tillegg til å nytte garden sine eigne ressursar, til dømes honning frå eigne bier og talg frå eige storfe og lokalt vilt, blir det nytta fine oljer som er laga av lokale urter og andre vekster frå den rike fjellfloraen i Skjåk.

Tea kalv ute på sommerbeite.

Å utnytte lokale ressursar og ha ein berekraftig livsstil er ein grunnleggjande tanke for Fjellbit, og det er laga ein eigen serie med såper der det er nytta feitt frå lokale dyr. Dette er ein ressurs som elles ville blitt kasta. Talg er ein gamal og litt gløymt skatt når det gjeld hudpleie, som tilfører huda mykje næring gjennom vitamin, mineral og gode feittsyrer.

Det er ikkje berre i såpene sine at Ragnhild nyttar lokale, næringsrike vekster med suverene eigenskaper for hud og heim. Også dei mange biene som held til i den vesle bielandsbyen på garden haustar ivrig av villbring og andre fjellblomar som omkransar garden – noko som tilfører honningen både særpreg i smak og rikt næringsinnhald.

Med Fjellbit som fylgje i heimen din får du difor ein liten bit av fjellheimen – uansett om du vel honning eller såpe frå den vesle gründerbedrifta.

Ragnhild Løkken
Fjellbit

Ragnhild birøkta.
Sjamposåpe og tørka blomster

Sjampo

Unn deg sjølv ein sjampo som verkeleg gjer godt for både hår og hovudbotn!