Talgsåpe

Få rein og mjuk hud med Fjellbit si talgsåpe – ei 100 % naturleg, allergi- og miljøvenleg såpe laga av ingrediensar frå Skjåk.

Tradisjonssåpa inneheld storfetalg frå lokalt storfe som har gått på rikt utmarksbeite, eller talg frå villrein, hjort eller elg. Såpene har både ein pleiande og mjukgjerande effekt, samstundes som den reingjer.

Talg er naturleg næringsrik for huda di, og inneheld ei rekkje gode feittsyrer og vitamin som pleier og beskytter huda utan å tette porene.

Såpene kan brukast til heile kroppen, og er tilsett urter og andre vekster frå den rike fjellfloraen – alt etter kva dei ulike talgsåpene skal nyttast til. Vi har også eigne såper spesielt tilpassa reingjering av hus og heim.

Dette er talgsåpene du kan velge blant frå Fjellbit: