Fjellbit Einersjampo, heimelaga sjampo med talg av storfe og einerlåg

Få reint hår og hovudbotn med Fjellbit sin heimelaga sjampo med talg og einerlåg – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den heimelaga sjamposåpa er laga i Skjåk av lokale fagfolk som har nytta lokale ingrediensar.

1 omtale

kr210

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Fjellbit Einersjampo er ein naturleg, allergivenleg og miljøvenleg sjampo med 100 % naturlege ingrediensar.

Dette er ein heimelaga, fast sjampo laga av talg frå storfe og oljer som er gode for hår og hovudbotn. Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene, og vil pleie hovudbotnen medan den vaskar.

Einersjampoen inneheld også einerlåg. Einer er kjent for sine reinsande eigenskapar, og kan motverke flass og utslett i hovudbotnen. Einer er ellers kjent for å gje blankt og glansfullt hår.

Sjamposåpa kan gjerne brukast til resten av kroppen som ein dobbeltdusj om du ynskjer å bruke berre ei såpe.

Den håndlaga sjampoen blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå. Einer blir sanka i skogen rundt garden.

Bruksområde

  • Sjampo, men kan også nyttast som hånd- og kroppssåpe

Produktfordelar

  • Mild og skånsom for hovudbotnen
  • Talg frå lokalt storfe som har gått på utmarksbeite i fjellbygda Skjåk
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Lokalt sanka urter
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Vil pleie håret medan den vaskar og mange treng ikkje balsam etterpå
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg sjampo som du har glede av lenge
  • Nøytral sjampo utan sterk lukt

Ingrediensar

  • Talg av storfe
  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Einerlåg
  • Salt

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Einersjampoen inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 100 gram

1 omtaleSkriv en omtale

5,0
Basert på 1 anmeldelse
(1)
  1. Kaja

    Sjampoen er veldig god! Den har hjulpet både hår og hodebunn. Jeg har forsøkt diverse økologiske og ikke-økologiske sjampoer tidligere. Håret kjennes nå tykkere, mer naturlig og ser samtidig rent ut.

Skriv en omtale

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *