Har du fått feittflekker på kleda dine?
Feittflekkar på kleda er ei kjent utfordring for alle. Og det er svært irriterande å ta ut eit nyvaska plagg frå vaskemaskina og oppdage at det framleis er ein flekk som ikkje har gått bort. For å unngå dette er det lurt å forbehandle flekken med ein flekkfjernar.
Du kan velge å bruke fast såpestykke (Parlaus), eller blande din eigen flekkfjerningsspray av såpekonsentrat (Parlaus på glas). Gjer det som du tenkjer er mest lettvint for deg!
Slik gjer du det:
- Såpestykke: Fukt flekken med litt vatn og gnikk litt såpe på.
- Såpekonsentrat: Sprut godt på flekken med den ferdigblanda sprayen din.
Etter behandling er det berre å vaske plagget som vanleg. Det gjer ingenting om plagget blir liggjande nokre dagar før vask. Her i huset blir ofte flekken spraya ved avkledning om kvelden, putta som vanleg ned i skittentøyskorga, for så å bli med i neste vask i vaskemaskina. Enkelt og greitt!
Les meir om korleis du blandar din eigen fjekkfjerningsspray.