Fjellbit Parlaus på glas, heimelaga hushaldningssåpe for flekkfjerning og handreins

Få reint hus og fjern flekkar med Parlaus såpe – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff som kan brukast til det meste.

Den heimelaga såpa er laga i Skjåk av lokale fagfolk med hjarte for naturlege produkt.

1 omtale

kr149

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Fjellbit Parlaus er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg husholdningssåpe for heimen med 100 % naturlege ingrediensar.

Parlaus såpe blir laga i to varianter: ei fast såpe og ei som er meir flytande. Dette er den meir flytande varianten, ei såpe i «geleform» som kan brukast for naturleg vask av heile huset. Den kan brukast til golvvask, rundvask og klesvask, og er spesielt bra til vask av treverk og andre naturmateriale som bomull, lin og ull.

Parlaus hushaldningssåpe kan også brukast som ein naturleg og miljøvenleg handreins. Såpa tek vekk alt frå olje, kvae og anna smuss.

Såpa kjem også i ein konsentrert form som kan brukast direkte, eller blandast ut til ei meir flytande såpe.

Den håndlaga såpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå.

«Parlaus» er eit dialektord som i den lokale ordlista er forklara med «makelaus» eller som «utan like». Det er ganske beskrivande for denne super-såpa som du kan bruke til nesten alt!

Bruksområde

  • Hushaldningssåpe
  • Flekkfjerning
  • Rundvask
  • Golvvask
  • Klesvask
  • Oppvask
  • Handrens

Produktfordelar

  • Vaskar reint utan farlege kjemikaliar
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Skånsom, men effektiv flekkfjerning
  • Konsentrert såpe som gir mindre frakt av vatn
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent

Ingrediensar

  • Kokosolje

Parlaussåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpa luktar kun naturleg såpe. Såpa er handlaga og utan tilsetjingsstoff og kan derfor sjå litt ulik ut i farge og tekstur.

Vekt: ca 100 gram

1 omtaleSkriv en omtale

5,0
Basert på 1 anmeldelse
(1)
  1. Hanne F. Forberg

    Dette glasset må en bare ha på vaskerommet, denne bruker jeg på dyre bunadskjorter av lin. Den fjerner alle flekker etter festdager ikke minst litt sminke/brunkrem på kragen.

    Den er også perfekt til å skure treverk med, elsker å bruke denne på mitt antikke lintøyskap

Skriv en omtale

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *