Fjellbit Olivensåpe, heimelaga håndsåpe med olivenolje

Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga håndsåpe med olivenolje – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den håndlaga såpa er laga i Skjåk av lokale fagfolk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.

kr145

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , , , , ,

Beskrivelse

Fjellbit Olivensåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Såpa er nøytral i lukt, svært mild, og er tilsett godt med olivenolje for å gje ekstra pleie og fukt til tørre hender.

Den passar ypparleg som håndsåpe, men i og med at den inneheld godt med olje er den også god som barbersåpe til både ansikt og andre delar av kroppen. Prøv den gjerne som såpe også om du har har tørt hår eller har tørr hovudbotn. Til baby/små barn med fint hår og sart hud er dette ei perfekt såpe til bruk både i hår og stump.

Fjellbit si olivensåpe kan brukast til alle i alle aldre, frå baby til eldre.

Den håndlaga olivensåpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå.

Bruksområde

  • Håndsåpe, men kan også nyttast som kroppssåpe, ansiktssåpe, sjampo, barbersåpe og skjeggsåpe

Produktfordelar

  • Svært mild og skånsom for huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge
  • Laga av kun olivenolje og litt salt
  • Nøytral såpe utan sterk lukt

Ingrediensar

  • Olivenolje
  • Salt

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Olivensåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Den håndlaga såpa passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 100 gram

OmtalerSkriv en omtale

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Fjellbit Olivensåpe, heimelaga håndsåpe med olivenolje”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *