Har du tørr hud?

Kaffeskrubbsåpe

Spesielt om vinteren med kald og tørr luft er det vanleg å få tørr hud på kroppen. Da kan ei skrubbesåpe som peelar huda og samstundes gjev fukt gjere underverk!

Fjellbit har to variantar av skrubbesåpe, og begge er samansett av KUN gode og næringsrike oljer og naturlege skrubbekorn.

KAFFESKRUBBEN: Korn av kaffe vil gje ein finkorna skrubb som kan brukast på heile kroppen, inkludert ansiktet.

GULLSKRUBBEN: Tilsett skal av næringsrike bygg-korn. Dette vil gje ein litt grovare skrubb for den som ynskjer det. Spesielt til tørre legger er denne fin for å gje huda ein skikkeleg boost.

Skrubbing av huda med ei av såpene vil fjerne daude hudceller og tilføre huda pleie og fukt på same tid. Samstundes vil ein få i gang blodsirkulasjonen og vil etterlate huda frisk, rein og mjuk!