Fjellbit Kaffeskrubb, heimelaga håndsåpe med kaffegrut

Få heilt reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga såpe med kaffegrut – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff som fjernar det meste av skit.

Den heimelaga såpa er laga i Skjåk av lokale fagfolk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.

kr155,00

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , , ,

Beskrivelse

Fjellbit Kaffeskrubb er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Den heimelaga såpa er mild og pleiande. Den kan nyttast som håndsåpe, men passar også godt som kroppssåpe. Ta den gjerne også med i dusjen og nytt den for å få ei naturleg spa-oppleving.

Fjellbit Kaffeskrubb er tilsett kaffegrut, noko som gjev huda ein naturleg skrubb-effekt. Denne effekten gjer såpa godt egna til å fjerne smuss og lukt av huda – ideelt til alt frå tøffe arbeidsnevar til mekanikarar, bønder og gartnerar til håndsåpe på kjøkenet. Oljene i såpa gjev fukt og pleie til huda.

Den håndlaga kaffeskrubbsåpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå.

Bruksområde

  • Hånd -og kroppssåpe

Produktfordelar

  • Peelingeffekt
  • Skrubbeffekt, fjernar både lukt og skit godt
  • Vaskar reint utan å tørre ut huda
  • Svært mild og skånsom for huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge

Ingrediensar

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Rapsolje
  • Sheasmør
  • Kaffegrut

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Kaffeskrubben inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe, kanskje med eit hint av kaffe.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 100 gram

OmtalerSkriv en omtale

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Fjellbit Kaffeskrubb, heimelaga håndsåpe med kaffegrut”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *