Beskrivelse
Fjellbit Heimkoktsåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg hushaldningssåpe med 100 % naturlege ingrediensar.
Den håndlaga såpa kan brukast for naturleg vask av heile huset. Den kan brukast til golvvask, rundvask og klesvask, til dømes som ullsåpe og bunadssåpe.
Den er spesielt bra til vask av treverk og andre naturmateriale som bomull, lin og ull. Som flekkfjerningssåpe er den heilt ypperleg til flekkfjerning både harde flater og på tekstilar.
Heimkoktsåpe er laga etter tradisjon, slik alle gardar kokte si eiga såpe før i tin. Den er laga av storfetalg som er smelta ut frå lokalt storfe som har gått på utmarksbeite og ete mykje gras. Såpa er også tilsett litt einerlåg – som gjennom historia er kjend for å ha ein rensande effekt.
Den håndlaga såpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå.
Bruksområde
- Hushaldningssåpe
- Flekkfjerning
- Rundvask
- Golvvask
- Klesvask
Produktfordelar
- Vaskar reint utan farlege kjemikaliar
- 100 % naturlege ingrediensar
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Kortreiste råvarer
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
- Nøytral såpe utan sterk lukt
Ingrediensar
- Talg frå storfe
- Einerlåg
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Såpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
Vekt: ca 90 gram
OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.