Beskrivelse
Fjellbit Tursåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe for heimen med 100 % naturlege ingrediensar.
Tursåpe er ein såpebar som kan brukast til all slags vask. Den kan brukast til oppvask, flekkfjerning og vask av klede og utstyr. Såpa kan også brukast til vask av ekstra møkkete hender. Den tek vekk alt frå sot, kvae og skit til blod dersom du skulle vera så uheldig å få eit sår på turen.
Den håndlaga såpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå.
Bruksområde
- Flekkfjerning
- Klesvask
- Oppvask
- Handrens
Produktfordelar
- Vaskar reint utan farlege kjemikaliar
- 100 % naturlege ingrediensar
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Skånsom, men effektiv flekkfjerning
- Konsentrert og fast såpe som veg lite i sekken
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
Ingrediensar
- Kokosolje
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Tursåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg derfor såpa til tørk ei stund før du legg den i ein pose eller i ein boks. Du kan også ha såpa i ein klut eller eit luftig klede. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
Vekt: ca 40 gram
OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.