Fjellbit Kaffeskrubb, heimelaga håndsåpe med kaffegrut og snor

Få heilt reine og luktfrie hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga håndsåpe med kaffegrut – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den heimelaga såpa er laga i Skjåk av lokale fagfolk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.

1 omtale

kr190,00

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , , ,

Beskrivelse

Fjellbit Kaffeskrubb er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Den heimelaga såpa er mild og pleiande, samstundes som den fjernar godt smuss og lukt av huda på alt frå tøffe arbeidsnevar til mekanikarar, bønder og gartnerar.

Kaffeskrubbsåpa passar godt som håndsåpe eller kjøkkensåpe, men nytt den gjerne også til resten av kroppen – til dømes som dusjsåpe som ein del av ei naturleg spaoppleving.

Såpa er tilsett kaffegrut, noko som gjev ein naturleg skrubb/peelingeffekt. Dei gode oljene gjev fukt og pleie.

Denne såpa har ei gjennomgåande snor av jute, og kan hengjast opp til tørk i dusjen, over vasken eller der du måtte ynskje. At tråden går gjennom heile såpestykket gjer at den ikkje dett av når såpa blir mindre ved bruk, og du kan glede deg over opphenget heilt til såpa er oppbrukt.

Den håndlaga kaffeskrubben blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå.

Bruksområde

  • Hånd -og kroppssåpe

Produktfordelar

  • Peelingeffekt
  • Skrubbeffekt, fjernar både lukt og skit godt
  • Vaskar reint utan å tørke ut huda
  • Såpe med snor for praktisk oppheng
  • Svært mild og skånsom for huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge

Ingrediensar

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Rapsolje
  • Sheasmør
  • Kaffegrut

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Kaffeskrubben inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe – kanskje med eit hint av kaffe.  Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 100 gram

1 omtaleSkriv en omtale

5,0
Basert på 1 anmeldelse
(1)
  1. Gro Skansen

    Min favorittsåpe! Jeg bruker den til håndvask og har en med snor i dusjen. Lett skrubbeffekt som gjør meg ren, samtidig som såpa ikke tørker ut huden. Helt fantastisk

Skriv en omtale

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *