Fjellbit Bestemors Finsåpe, heimelaga håndsåpe med talg av storfe, groblad, nesle og ryllik

Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga håndsåpe med talg, nesle, groblad og ryllik – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den heimelaga såpa er produsert i Skjåk av lokale fagfolk med lokale ingrediensar.

kr175,00

PÅ LAGER - 3-5 DAGERS LEVERING

Kategorier: , , ,

Beskrivelse

Bestemors Finsåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Den heimelaga såpa er mild, og kan nyttast både som håndsåpe og kroppssåpe. Oljene gir fukt og pleie til huda. Urtene groblad, nesle og ryllik er kjent for å hjelpe mot ein rekke hudplager.

Groblad har i naturleg hudpleie vore brukt til reinsing av sår og hjelp huda med å gro. Nesle er ei kjelde til ei rekke mineral og vitamin, og er rekna som ei av dei mest næringsrike i naturen. Ryllik har blandt anna tradisjonelt vore brukt til å hjelpe sår hud.

Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene. Oljene i talgsåpa gjev fukt og pleie til huda.

Den håndlaga såpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå. Urtene blir plukka på garden eller i skogen rundt.

Bestemors finsåpe vart til da Ragnhild stolt viste bestemor på garden ei nylaga såpe med olivenolje og nesle. Bestemor kalla dette for ei “finsåpe”. Dette er  viareføring av bestemors arv med såpekokoking, fornya med fine oljer og urter til å bli finsåpe!

 Bruksområde

  • Håndsåpe, men kan også nyttast som kroppssåpe

Produktfordelar

  • Mild og skånsom for huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Lokalt sanka urter
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge

Ingrediensar

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Rapsolje
  • Groblad
  • Nesle
  • Ryllik

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Såpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe med eit hint av naturlege urter i dei som inneheld det. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: Ca 100 gram

OmtalerSkriv en omtale

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Fjellbit Bestemors Finsåpe, heimelaga håndsåpe med talg av storfe, groblad, nesle og ryllik”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *