Beskrivelse
Fjellbit Honningsåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.
Honningsåpa kan nyttast både som håndsåpe og kroppssåpe.
Såpa er tilsett litt honning frå eigen bigard. Honninger er ein naturleg ingrediens kjent for å oppretthalde hudens naturlege fuktigheit, og såpa kan brukast til både tørr, feit- og blandingshud. Oljene i såpa gjev fukt og pleie til tørre hender og hud.
Den håndlaga honningsåpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå.
Bruksområde
- Håndsåpe, men kan også nyttast som kroppssåpe
Produktfordelar
- Mild og skånsom for huda
- 100 % naturlege ingrediensar
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Gjev ekstra fukt til tørr hud
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
Ingrediensar
- Olivenolje
- Kokosolje
- Rapsolje
- Honning
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Honingsåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
Vekt: ca 100 gram
OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.