Beskrivelse
Fjellbit Talgsåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.
Den heimelaga såpa er mild, og kan brukast til heile kroppen. Såpa er også mild og fin til vask av ansiktet.
Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene. Oljene i talgsåpa gjev fukt og pleie til huda.
Talgsåpa inneheld også ringblomst og honning. Ringblomst er kjent for ei rekke gode eigenskapar innan hudpleie, og har vore brukt i naturmedisin i årtider. Blomen er helande på små sår og skader i huda, og kan hjelpe mot ei rekke hudplager. Honning er ein naturleg ingrediens kjent for å oppretthalde den naturlege fuktigheita i huda, og såpa kan brukast til både tørr hud, feit hud og blandingshud.
Den håndlaga såpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå. Urtene blir plukka på garden, og honningen kjem frå eigen bigard.
Bruksområde
- Håndsåpe, men kan også nyttast som kroppssåpe og ansiktsåpe
Produktfordelar
- Mild og skånsom for huda
- Talg frå lokalt storfe som har gått på utmarksbeite i fjellbygda Skjåk
- 100 % naturlege ingrediensar
- Lokalt sanka urter
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Gjev ekstra fukt til tørr hud
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
- Nøytral såpe utan sterk lukt
Ingrediensar
- Talg av storfe
- Olivenolje
- Ringblomst
- Honning
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Talgsåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
Vekt: ca 100 gram
Live Soglo –
Denne såpen er så god mot huden, den fjerner kviser fort, anbefales stort.
Marit G –
Veldig god ansiktsåpe som ikkje tørka ut huda. Har vore mykje plaga med urein hud og kviser, det har vore mykje mindre framtredande etter at eg byrja med denne såpa!