Fjellbit Gullsskrubb, heimelaga håndsåpe med bygg og honning

Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga såpe med bygg og honning – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den heimelaga såpa er laga av naturlege ingrediensar frå Skjåk – i og av lokale fagfolk frå Skjåk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.

1 omtale

kr155,00

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , , ,

Beskrivelse

Fjellbit Gullskrubb er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Den heimelaga såpa er nøytral, mild og pleiande for heile kroppen. Såpa passar derfor godt som både håndsåpe og dusjsåpe.

Såpa inneheld skal av bygg, noko som gjev ein naturleg skrubb-effekt på huda. Ta gjerne med såpa inn på baderommet som ein del av ei spa-oppleving.

Skalet frå byggen er eit restprodukt frå produksjon av det verdskjende matmjølet «Skjåkmjøl» på Skjåkmølla. Kornet som kjem inn der er lokalt. Honningen kjem frå eigen bigard.

Den håndlaga Gullskrubben blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå.

Bruksområde

  • Hånd -og kroppssåpe

Produktfordelar

  • Peelingeffekt
  • Skrubbeffekt, fjernar både lukt og skit godt
  • Mild og skånsom for huda
  • Vaskar reint utan å tørre ut huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Lokalt produserte råvarer
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge
  • Nøytral såpe utan sterk lukt

Ingrediensar

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Rapsolje
  • Sheasmør
  • Bygg
  • Honning

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Gullskrubben inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 100 gram

1 omtaleSkriv en omtale

5,0
Basert på 1 anmeldelse
(1)
  1. Borgny Sletten

    Bygg såpa er ein ny favoritt frå Fjellbit. Fjernar lett fjosluft og tørkar ikkje ut huda. Dryg såpe som anbefales på det sterkaste!

Skriv en omtale

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *