Fjellbit Olivensåpe med honning, heimelaga håndsåpe med olivenolje og honning

Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga håndsåpe med olivenolje og honning – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den heimelaga såpa er laga av naturlege ingrediensar frå Skjåk – av lokale fagfolk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.

1 omtale

kr145

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , , , ,

Beskrivelse

Fjellbit Olivensåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Olivensåpa er svært mild, og er tilsett godt med olivenolje for å gje ekstra pleie og fukt til tørre hender. Såpa passar godt som håndsåpe, men kan gjerne nyttast til heile kroppen. I og med den inneheld godt med olje, er den også fin å nytte som barbersåpe både i ansiktet og på andre delar av kroppen.

Fjellbit Olivensåpe passar godt til tørr og sensitiv hud, og kan brukast av alle i alle aldre, frå baby til til eldre.

Den håndlaga olivensåpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå. Honningen kjem frå eigen bigard.

Bruksområde

  • Håndsåpe
  • Barbersåpe
  • Skjeggsåpe
  • Sjampo
  • Kroppssåpe

Produktfordelar

  • Svært mild og skånsom for huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge

Ingrediensar

  • Olivenolje
  • Honning
  • Salt

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Olivensåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpa passar derfor fint for både ung og gamal, kvinner og menn.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 100 gram

1 omtaleSkriv en omtale

5,0
Basert på 1 anmeldelse
(1)
  1. Bente

    Har slitt mye med å bli veldig tørr på hendene. Spesielt på vinteren. Etter å ha begynt å bruke denne håndsåpa, så er jeg nesten aldri tørr på hendene lengre.

Skriv en omtale

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *