Fjellbit Honning, ekte norsk honning frå Skjåk

Gjer eit godt måltid enda betre med Fjellbit Honning, ein ekte norsk honning laga i Skjåk.

Den norske honningen kjem frå bier som har hausta av den rike fjellfloraen i Skjåk, og er hausta av lokale fagfolk frå Skjåk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.

Honning er desverre utsolgt fram til hausten 2024.

kr149,00

Tomt på lager

Kategorier: ,

Beskrivelse

Fjellbit Honning er ein mild og ljos honning av sommarblomar. Honningen har eit høgt innslag av villbringebær – ei av mange planter i den rike fjellfloraen i Skjåk som biene har tilgang til.

Nyt honningen åleine attåt god ost, kanskje litt god spekeskinke eller som topping på ein god dessert. Den er også ypparleg i te eller som smak- og søtning i gjærbakst og kaker.

Honningen kjem frå Fjellbit-gründer Ragnhild sine eigne bier på heimgarden i Skjåk. Skjåk er ei fjellbygd og har ein stutt vekstsesong for blomar. Kor mykje honning som blir kvart år vil derfor variere, og vil ikkje vere i salg heile året.

Bruksområde

  • Mat og drikke

Produktfordelar

  • Mild smak
  • Norsk honning
  • Kortreist produkt frå Skjåk
  • 100 % naturleg

Ingrediensar

  • Ekte, norsk honning

Vekt: 250 g

OmtalerSkriv en omtale

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Fjellbit Honning, ekte norsk honning frå Skjåk”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *