Beskrivelse
HONNING
Fjellbit Honning er ein mild og ljos honning av sommarblomar. Honningen har eit høgt innslag av villbringebær – ei av mange planter i den rike fjellfloraen i Skjåk som biene har tilgang til.
Nyt honningen åleine, attåt god ost, kanskje litt god spekeskinke eller som topping på ein god dessert. Den er også ypparleg i te eller som smak- og søtning i gjærbakst og kaker.
Honningen kjem frå Fjellbit-gründer Ragnhild sine eigne bier på heimgarden i Skjåk. Skjåk er ei fjellbygd og har ein stutt vekstsesong for blomar. Kor mykje honning som blir kvart år vil derfor variere, og vil ikkje vere i salg heile året.
Bruksområde
- Mat og drikke
Produktfordelar
- Mild smak
- Norsk honning
- Kortreist produkt frå Skjåk
- 100 % naturleg
Ingrediensar
- Ekte, norsk honning
Vekt: 250 g
HONNINGSÅPE
Fjellbit Honningsåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.
Honningsåpa kan nyttast både som håndsåpe og kroppssåpe.
Såpa er tilsett litt honning frå eigen bigard. Honning er ein naturleg ingrediens kjent for å oppretthalde hudens naturlege fuktigheit, og såpa kan brukast til både tørr, feit- og blandingshud. Oljene i såpa gjev fukt og pleie til tørre hender og hud.
Bruksområde
- Håndsåpe, men kan også nyttast som kroppssåpe
Produktfordelar
- Mild og skånsom for huda
- 100 % naturlege ingrediensar
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Gjev ekstra fukt til tørr hud
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
Ingrediensar
- Olivenolje
- Kokosolje
- Rapsolje
- Honning
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Honingsåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
Vekt: ca 100 gram










OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.