Fjellbit Rein, heimelaga håndsåpe med talg av villrein og einer

Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga håndsåpe med talg og einer – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den heimelaga såpa er laga av naturlege ingrediensar i Skjåk av lokale fagfolk frå Skjåk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.

1 omtale

kr175

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , , ,

Beskrivelse

Bli naturleg rein med Fjellbit Rein – ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg talgsåpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Den milde håndsåpa kan fint nyttast til heile kroppen.

Før kokte alle si eiga såpe, og det er lange tradisjonar i å bruke talg til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene. Oljene i talgsåpa gjev fukt og pleie til huda.

Den håndlaga såpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå. Urtene blir plukka på garden eller i skogen rundt. Talg frå elg og hjort kjem frå lokale dyr, og er ein ressurs som ellers ville blitt kasta.

Bruksområde

  • Håndsåpe, men kan også nyttast som kroppssåpe

Produktfordelar

  • Mild og skånsom for huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Lokalt sanka urter
  • Talg frå lokale dyr
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge

Ingrediensar

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Talg frå reinsdyr
  • Rapsolje
  • Einer

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Talgsåpa Rein inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpene passar av den grunn godt for både ung og gamal, kvinner og menn.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 100 gram

1 omtaleSkriv en omtale

5,0
Basert på 1 anmeldelse
(1)
  1. Gro Skansen

    Herlig såpe som gjør rent uten å tørke ut huden

Skriv en omtale

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *