Fjellbit Ringblomstsåpe, heimelaga håndsåpe med ringblomst

Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga håndsåpe med ringblomst frå Skjåk – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den heimelaga ringblomstsåpa er laga av naturlege ingrediensar frå Skjåk – i og av lokale fagfolk frå Skjåk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.

kr145

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Fjellbit Ringblomstsåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Den heimelaga såpa er mild og nøytral i lukt, og svært god som håndsåpe. Den kan også nyttast som kroppsåpe.

Ringblomst er kjent for ei rekke gode eigenskapar innan hudpleie, og har vore brukt i naturmedisin i årtider. Ringblomst er helande på små sår og skader i huda, og kan hjelpe mot ei rekke hudplager. Ringblomst er også nydeleg å sjå på, og tilfører såpene ei fin gul-orange farge. Oljene i såpa gjev fukt og pleie til huda.

Den håndlaga Ringblomstsåpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå. Ringblomsten blir dyrka økologisk på garden, og sanka og tørka før den blir lagt i olje for å få uttrekk til såpene.

Bruksområde

  • Håndsåpe, men kan også nyttast som kroppssåpe

Produktfordelar

  • Svært mild og skånsom for huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge
  • Nøytral såpe utan sterk lukt

Ingrediensar

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Rapsolje
  • Ringblomst

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Ringblomstsåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Ringblomstsåpa passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 100 gram

OmtalerSkriv en omtale

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Fjellbit Ringblomstsåpe, heimelaga håndsåpe med ringblomst”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *