Salsvilkår
Innleiing
Dette kjøpet er regulert av standard salsvilkår for forbrukerkjøp av varer over Internett. Forbrukerkjøp over internett blir hovuedsakleg regulert av avtalelova, forbrukerkjøpslova, markedsføringslova, angrerettlova og ehandelslova, og desse lovene gjev forbrukaren ufråvikelege rettar. Lovene er tilgjengelege på www.lovdata.no. Vilkåra i denne avtalen skal ikkje forstås som nokor begrensning i dei lovbestemte rettigheitene, men oppstiller partene sine viktigaste retter og plikter for handelen.
Salsvilkåra er utarbeidd og anbefalt av Forbrukertilsynet. For ei betre forståing av desse salsvilkåra, sjå Forbrukertilsynets veileder her.
1. Avtala
Avtala består av desse salsvilkåra, opplysningar gjeve i bestillingsløysinga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som særskilt er avtalt mellom partane foran, så fremt det ikkje strie mot ufravikeleg lovgjevning.
Avtala vil i tillegg bli utfylt av relevante lovbestemmingar som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukarar.
2. Partane
Selgar er Fjellbit v/Ragnhild Løkken, Storlivegen 43, 2693 Nordberg, post@fjellbit.no, orgnr. NO 996 535 967 MVA, og blir beteikna i det fylgjande som selgar/selgaren.
Kjøpar er den forbrukaren som foretek bestillinga, og blir beteikna i det fylgjande som kjøpar/kjøparen.
3. Pris
Den oppgjevne prisen for vara er den totale prisen kjøpar skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader. Ytterlegare kostnader som selgar før kjøpet ikkje har informert om, skal kjøpar ikkje bera.
4. Avtaleinngåing
Avtala er bindande for begge partar når kjøparen har sendt si bestilling til selgaren.
Avtala er likevel ikkje bindande dersom det har forekomme skrive- eller tastefeil i tilbodet frå selgaren i bestillingsløysinga i nettbutikken eller i kjøparen si bestilling, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det forelå ein slik feil.
5. Betalinga
Selgaren kan krevje betaling for vara frå det tidspunkt den blir sendt frå selgaren til kjøparen.
Dersom kjøparen bruker kredittkort eller debetkort ved betaling, kan selgaren reservere kjøpesummen på kortet ved bestilling. Kortet blir belasta same dag som vara blir send.
Ved betaling med faktura, blir fakturaen til kjøparen utstedt ved sending av varen. Betalingsfristen framgår av fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak.
Kjøparar under 18 år kan ikkje betale med etterfølgande faktura.
6. Levering
Levering er skjedd når kjøparen, eller kjøparen sin representant, har overtatt vara.
Hvis ikkje leveringstidspunkt framgår av bestillingsløysinga, skal selgaren levere vara til kjøpar utan unødig opphald og seinast 30 dager etter bestillinga frå kunden. Vara skal leverast hjå kjøparen med mindre anna er særskilt avtalt mellom partane.
7. Risikoen for varen
Risikoen for vara går over på kjøpar når han, eller kjøpar sin representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.
8. Angrerett
Med mindre avtala er unntatt frå angrerett, kan kjøparen angre kjøpet av vara i henhald til angrerettlova.
Kjøparen må gje selgar melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen byrjar å løpe. I fristen inngår alle kalenderdagar. Dersom fristen endar på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag, blir fristen forlenga til nærmaste virkedag.
Angrefristen anses overholdt dersom melding er sendt før utløpet av fristen. Kjøpar har bevisbyrda for at angreretten er blitt gjort gjeldande, og meldinga bør derfor skje skriftleg (angrerettskjema, e-post eller brev).
Angrefristen tek til å løpe:
- Ved kjøp av enkeltståande varer vil angrefristen løpe frå dagen etter varen(e) er motteke.
- Er det selt eit abonnement, eller inneber avtala regelmessig levering av identiske varer, går fristen frå dagen etter fyrste sending er motteke.
- Består kjøpet av fleire leveransar, vil angrefristen løpe frå dagen etter siste leveranse er motteke.
Angrefristen blir utvida til 12 månader etter utløpet av den opprinnelege fristen dersom selgar ikkje før avtaleinngåinga opplyser om at det foreligg angrerett og standardisert angreskjema. Tilsvarande gjeld ved manglande opplysning om vilkår, tidsfrister og framgangsmåte for å benytte angreretten. Sørger den næringsdrivande for å gje opplysningane i løpet av desse 12 månadene, utløper angrefristen likevel 14 dagar etter den dagen kjøparen mottok opplysningane.
Ved bruk av angreretten må vara leverast attende til selgaren uten unødig opphald og seinast 14 dagar frå melding om bruk av angreretten er gjeve. Kjøpar dekker dei direkte kostnadene ved å returnere vara, med mindre anna er avtalt eller selgar har unnlatt å opplyse om at kjøpar skal dekke returkostnadene. Selgaren kan ikkje fastsette gebyr for kjøparens bruk av angreretten.
Kjøpar kan prøve eller teste vara på ein forsvarleg måte for å fastslå vara sin art, eigenskaper og funksjon, utan at angreretten fell bort. Dersom prøving eller test av varen går utover kva som er forsvarleg og naudsynt, kan kjøparen bli ansvarleg for eventuell redusert verdi på vara.
Selgaren er plikta å tilbakebetale kjøpesummen til kjøparen utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå selgaren fekk melding om kjøparen si beslutning om å nytte angreretten. Selgar har rett til å halde attende betalinga til han/ho har motteke varene frå kjøparen, eller til kjøpar har lagt fram dokumentasjon for at varene er sendt attende.
9. Forseinking og manglande levering – kjøparane sine rettar og frist for å melde krav
Dersom selgaren ikkje leverer varen eller leverer den for seint i henhald til avtala mellom partane, og dette ikkje skuldast kjøparen eller forhold på kjøparen si side, kan kjøparen i henhald til reglane i forbrukerkjøpslova sitt kapittel 5 etter omstenda halde kjøpesummen attende, krevje oppfylling, heve avtala og/eller krevje erstatning frå selgeren.
Ved krav om misleghald bør meldinga av bevishensyn vera skriftleg (til dømes e-post).
Oppfylling
Kjøper kan fasthalde kjøpet og krevje oppfylling frå selgar. Kjøpar kan imidlertid ikkje krevje oppfylling dersom det foreligg ei hindring som selgeren ikkje kan overvinne, eller dersom oppfylling vil medføre ei så stor ulempe eller kostnad for selgar at det står i vesentleg misforhold til kjøparen si interesse i at selgaren oppfyller. Skulle vanskane falle bort innan rimeleg tid, kan kjøpar likevel krevje oppfylling.
Kjøparen taper sin rett til å krevje oppfylling om han eller ho ventar urimeleg lenge med å fremje kravet.
Heving
Dersom selgaren ikkje leverer vara på leveringstidspunktet, skal kjøparen oppfordre selgar til å levere innan ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling. Dersom selgar ikkje leverer vara innan tilleggsfristen, kan kjøparen heve kjøpet.
Kjøpar kan imidlertid heve kjøpet umiddelbart dersom selgar nektar å levere vara. Tilsvarende gjeld dersom levering til avtalt tid var avgjerande for inngåing av avtala, eller dersom kjøparen har underretta selgar om at leveringstidspunktet er avgjerande.
Blir vara levert etter tilleggsfristen forbrukaren har sett eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåinga av avtala, må krav om heving gjerast gjeldande innan rimeleg tid etter at kjøparen fekk vite om leveringa.
Erstatning
Kjøparen kan krevje erstatning for lidd tap som følge av forseinkinga. Dette gjeld imidlertid ikkje dersom selgaren godtgjer at forseinkinga skuldast hindring utanfor selgars kontroll som ikkje med rimelegheit kunne blitt teke i betraktning på avtaletida, unngått, eller overvunne følgene av.
10. Mangel ved vara – kjøparen sine rettar og reklamasjonsfrist
Dersom det foreligg ein mangel ved vara må kjøpar innan rimeleg tid etter at den blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gje selgar melding om at han eller ho vil påberope seg mangelen. Kjøpar har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 mnd. frå mangelen blei oppdaga eller burde blitt oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøpar overtok vara. Dersom vara eller deler av den er meint å vare vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.
Dersom vara har ein mangel og dette ikkje skuldast kjøparen eller tilhøve på kjøparen si side, kan kjøparen i henhold til reglane i forbrukerkjøpslova sitt kapittel 6 etter omstendene halde kjøpesummen attende, velge mellom retting og omlevering, krevje prisavslag, krevje avtala heva og/eller krevje erstatning frå selgaren.
Reklamasjon til selgaren bør skje skriftleg.
Retting eller omlevering
Kjøparen kan velge mellom å krevje mangelen retta eller levering av tilsvarande ting. Selgar kan likevel motsette seg kjøparen sitt krav dersom gjennomføringa av kravet er umogleg eller volder selgaren urimelege kostnader. Retting eller omlevering skal gjerast innan rimeleg tid. Selgar har i utgangspunktet ikkje rett til å foreta meir enn to avhjelpsforsøk for same mangel.
Prisavslag
Kjøpar kan krevje eit passande prisavslag dersom vara ikkje blir retta eller omlevert. Dette inneber at forholdet mellom nedsett og avtala pris svarer til forholdet mellom tingens verdi i mangelfull og kontraktsmessig stand. Dersom særlege grunnar talar for det, kan prisavslaget i staden setjast lik mangelens betydning for kjøpaeren.
Heving
Dersom vara ikkje er retta eller omlevert, kan kjøparen også heve kjøpet når mangelen ikkje er uvesentleg.
11. Selgaren sine rettar ved kjøparen sitt mislighold
Dersom kjøparen ikkje betaler eller oppfyller dei øvrige pliktene etter avtala eller loven, og dette ikkje skuldast selgeren eller forhold på selgaren si side, kan selgaren i henhold til reglane i forbrukerkjøpslova sitt kapittel 9 etter omstendene halde vara attende, krevje oppfylling av avtala, krevje avtala heva samt krevje erstatning frå kjøparen. Selgaren vil også etter omstenda kunne kreve renter ved forsinka betaling, inkassogebyr og eit rimelig gebyr ved uavhenta varer.
Oppfylling
Selgar kan fasthalde kjøpet og krevje at kjøparen betaler kjøpesummen. Er varen ikkje levert, taper selgaren sin rett dersom han ventar urimeleg lenge med å fremje kravet.
Heving
Selgar kan heve avtala dersom det foreligg vesentleg betalingsmisleghald eller anna vesentleg misleghald frå kjøparen si side. Selgar kan likevel ikkje heve dersom heile kjøpesummen er betalt. Fastsett selgar ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling og kjøparen ikkje betaler innan denne fristen, kan selgar heve kjøpet.
Renter ved forseinka betaling/inkassogebyr
Dersom kjøparen ikkje betaler kjøpesummen i henhold til avtala, kan selger krevje renter av kjøpesummen etter forsinkelsesrenteloven. Ved manglande betaling kan kravet, etter forutgåande varsel, bli sendt til inkasso. Kjøpar kan da bli halden ansvarleg for gebyr etter inkassolova.
Gebyr ved uavhenta ikkje-forskuddsbetalte varer
Dersom kjøparen unnlater å hente ubetalte varer, kan selgar belaste kjøpar med eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekke selgarens faktiske utlegg for å levere vara til kjøparen. Eit slikt gebyr kan ikkje belastast kjøparar under 18 år.
12. Garanti
Garanti som blir gjeve av selgaren eller produsenten, gjev kjøparen rettar i tillegg til dei kjøparen allereie har etter ufråvikeleg lovgivning. Ein garanti inneber dermed ingen begrensningar i kjøparen sin rett til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar etter punkt 9 og 10.
13. Personopplysningar
Behandlingsansvarleg for innsamla personopplysningar er selgar. Med mindre kjøparen samtykker til noko anna, kan selgaren, i tråd med personopplysningslova, kun innhente og lagre dei personopplysningar som er naudsynt for at selgaren skal kunne gjennomføre pliktene etter avtala. Kjøparen sine personopplysningar vil kun bli utlevert til andre hvis det er naudsynt for at selgar skal få gjennomført avtala med kjøparen, eller i lovbestemte tilfelle.
14. Konfliktløysing
Klager skal rettast til selgar innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvister i minnelegheit. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling. Forbrukertilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 400 600 eller www.forbrukertilsynet.no.
Europa-Kommisjonens klageportal kan også brukast dersom du ønsker å inngi ei klage. Det er særlig relevant dersom du er forbruker busatt i eit anna EU-land. Klaga rettast inn her: http://ec.europa.eu/odr.