Fjellbit Parlaus, heimelaga hushaldningssåpe til flekkfjerning og handreins

Få reint hus og fjern flekkar med Parlaus såpe – ei naturleg og allergivenleg hushaldningssåpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den heimelaga hushaldningssåpa er laga i Skjåk av lokale fagfolk med hjarte for naturlege produkt.

2 omtaler

kr145,00

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Fjellbit Parlaus er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg hushaldningssåpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Såpa kan brukast for naturleg vask av heile huset. Den kan brukast til golvvask, rundvask og klesvask. Den er spesielt bra til vask av treverk og andre naturmateriale som bomull, lin og ull.

Som flekkfjerningssåpe er den heilt ypperleg til flekkfjerning både harde flater og på tekstilar.

Parlaus hushaldningssåpe kan også brukast som ein naturleg og miljøvenleg handreins. Såpa tek vekk alt frå olje, kvae og anna smuss.

Den håndlaga såpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå.

«Parlaus» er eit dialektord som i den lokale ordlista er forklara med «makelaus» eller som «utan like». Det er ganske beskrivande for denne super-såpa som du kan bruke til nesten alt!

Bruksområde

  • Hushaldningssåpe
  • Flekkfjerning
  • Rundvask
  • Golvvask
  • Klesvask
  • Oppvask
  • Handrens

Produktfordelar

  • Vaskar reint utan farlege kjemikaliar
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Skånsom, men effektiv flekkfjerning
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge

Ingrediensar

  • Kokosolje

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Parlaussåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 90 gram

2 omtalerSkriv en omtale

5,0
Basert på 2 anmeldelser
(2)
  1. Oddny Rakstad

    Parlaus ber namnet sitt med rette til å fjerne flekkar på kleda – det fins ikkje pare ved/maken til den. Gni litt parlaus på flekkane og la dei ligge litt før du vaskar dei på vanleg måte i maskina. Såpa tek det meste 🙂

  2. Oddny Rakstad

    Parlaus er òg effektiv ved kortprogram og låg temperatur. Der handklevask på 60 grader ikkje tok feittflekkar på ei t-skjorte, gjorde Parlaus jobben.
    Eg hadde vatn på såpa og gnei den inn på flekkane og let t-skjorta ligge litt for eg heiv den i maskina i lag med nokre ullklede, kortprogram på 40 grader. Ingen teikn til feittflekkane etterpå 🙂

Skriv en omtale

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *