Fjellbit Groblad -og brennhetosåpe, heimelaga håndsåpe med groblad og nesle

Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga håndsåpe med groblad og nesle – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den heimelaga såpa er laga av naturlege ingrediensar i Skjåk – av lokale fagfolk frå Skjåk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.

kr145

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Fjellbit Groblad -og brennhetosåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg håndsåpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Den heimelaga såpa er mild, og er spesielt god som håndsåpe. Den kan også nyttast som kroppssåpe.

Såpa inneheld groblad og nesle – to urter som er kjent for å virke mot ei rekke hudplager. Groblad har i naturleg hudpleie vore brukt til reinsing av sår og hjelper huda med å gro. «Brennheto» er dialekt for urten nesle. Nesle er ei kjelde til ei rekke mineral og vitamin, og er rekna som ei av dei mest næringsrike i naturen. Oljene i såpa gjev på si side fukt og pleie til huda.

Den håndlaga såpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå. Urtene blir plukka på garden eller i skogen rundt.

Bruksområde

  • Håndsåpe, men kan også nyttast som kroppssåpe

Produktfordelar

  • Mild og skånsom for huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Lokalt sanka urter
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge
  • Nøytral såpe utan sterk lukt

Ingrediensar

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Rapsolje
  • Groblad
  • Nesle

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Groblad -og brennhetosåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka har ei nøytral lukt med eit hint av urter for dei som inneheld det. Såpa passar derfor godt til både unge og eldre, kvinner og menn.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 100 gram

OmtalerSkriv en omtale

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Fjellbit Groblad -og brennhetosåpe, heimelaga håndsåpe med groblad og nesle”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *