Fjellbit Gullsskrubb, heimelaga håndsåpe med bygg, honning og snor

Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga såpe med bygg og honning. Såpa har ein naturleg skrubb-effekt, er heilt utan tilsetjingsstoff og difor svært allergivenleg.

Den heimelaga såpa er laga i Skjåk av lokale fagfolk som har nytta lokale ingrediensar.

kr190

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Fjellbit Gullskrubb er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Dette er ei mild og pleiande såpe som du kan bruke til heile kroppen. Ta den gjerne med i dusjen for å nytte den som kroppssåpe eller komplett dusjsåpe, og nyt ei naturleg spa-oppleving.

Den heimelaga såpa er tilsett skal av bygg, noko som gjev ein naturleg skrubb-effekt på huda. Oljene i såpa tilfører fukt og pleie. Få ein naturleg spa ved å ta den med i dusjen!

Skalet frå byggen er eit restprodukt frå produksjon av det kjende matmjølet «Skjåkmjøl» på Skjåkmølla. Kornet er hausta lokalt i Skjåk. Honningen kjem frå såpeprodusenten sin eigen bigard.

Den fine håndsåpa har ein gjennomgåande tråd av jute, og kan hengjast opp til tørk i dusjen, over vasken eller der du måtte ynskje. At tråden går gjennom heile såpestykket gjer at den ikkje dett av når såpa blir mindre ved bruk, og du kan glede deg over opphenget heilt til såpa er oppbrukt.

Den håndlaga Gullskrubben blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå.

Bruksområde

  • Hånd -og kroppssåpe

Produktfordelar

  • Peelingeffekt
  • Gjennomgåande snor for praktisk oppheng
  • Skrubbeffekt, fjernar både lukt og skit godt
  • Mild og skånsom for huda
  • Vaskar reint utan å tørre ut huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Lokalt produserte råvarer
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge

 Ingrediensar

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Rapsolje
  • Sheasmør
  • Bygg
  • Honning

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Gullskrubben inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe med eit hint av naturlege urter for dei som inneheld det. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 100 gram

OmtalerSkriv en omtale

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Fjellbit Gullsskrubb, heimelaga håndsåpe med bygg, honning og snor”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *