Fjellbit Såpe med urter, heimelaga hånd- og kroppssåpe

Produktnummer: 000031

Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga såpe med urter frå Skjåk – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den heimelaga såpa er laga av naturlege ingrediensar frå Skjåk – i og av lokale fagfolk frå Skjåk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.

Her får du eit stort stykke såpe med innslag av dei ulike urtesåpene frå Fjellbit!

1 omtale

kr195,00

PÅ LAGER - 3-5 DAGERS LEVERING

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Fjellbit Såpe med urter er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Den heimelaga såpa er nøytral og mild, og svært god som håndsåpe. Den kan også nyttast som kroppssåpe. Såpa er laga med ei nøytral såpebase, og tilsett små bitar av dei andre vegetabilske såpene frå Fjellbit med ulike urter frå garden og skog og fjella rundt. Slik vil kvart stykke vere unikt marmorert, og du får eit stort stykke rustikk såpe.

Den håndlaga såpa blir produsert på heimgarden til Fjellbit-gründer Ragnhild.

Bruksområde

  • Håndsåpe, men kan også nyttast som dusj/kropps-såpe.

Produktfordelar

  • Mild og skånsom for huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge

Ingrediensar

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Rapsolje
  • Urter (honning, ringblomst, einer, furu, groblad, nesle)

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Såpene inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe, kanskje med eit lite hint av vekstene som er tilsett såpa.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Den praktiske snora gjer at du får hengt såpa opp og ho tørkar godt, og gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 180 gram

1 omtaleSkriv en omtale

5,0
Basert på 1 anmeldelse
(1)
  1. Aud

    God og drug såpe som ikkje turka ut huda 🙂

Skriv en omtale

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *