Slik reinsar du bunadssølvet ditt
Å få skinande blankt og reint bunadssølv er enkelt om du fylgjer denne framgangsmåten:
- Ha ca 5 dl varmt vatn i ein bolle av glas eller plast.
- Rør ut 1 ts med Parlaus på glas eller Parlaus på boks.
- Ha i ½ kork med salmiakk.
- Legg bunadssølvet oppi blandinga, og la det ligge i ca 15 min.
- Puss over sølvet med ein mjuk kost (for eksempel ein soft tannbørste).
- Skyll sølvet godt så alt vaskemiddel kjem bort, gjerne under rennande vatn.
- Tørk sølvet godt med eit kjøkkenhankle eller liknande. La det gjerne ligge og lufttørke til du er heilt sikker på at det er heilt tørt.
Denne metoden kan brukast til alle typer sølv, og er ein heilt trygg måte å få skinande blankt og reint bunadssølv!