Korleis lage flytande såpe?

Synes du det er greiare med flytande såpe i staden for såpestykke? Slik lagar du flytande såpe.

Parlaus såpe på glas kjem i konsentrert «geleform» og kan brukast direkte, eller blandast ut til meir flytande såpe. Eitt glas med såpekonsentrat gir 1,5 liter med flytande såpe.

Slik blandar du ut flytande såpe

  1. Ha såpebasa i ein eigen behalder

    Behaldaren må romme meir enn 1,5 liter.

  2. Tilsett kokt vatn

    Kok opp 1,5 liter med vatn som du heller over såpebasa

  3. Rør

    Rør godt rundt i blandinga

  4. Vent

    La blandinga stå nokre timar, slik at alt får løyst seg opp. Rør gjerne nokre gongar medan det kjølnar

  5. Bruk såpa

    Såpa er nå klar til bruk. Ha den gjerne over på mindre flasker, til dømes pumpeflasker som gjer det meir praktisk å bruke såpa

Flytande såpe

Hell den flytande såpa over i ei pumpeflaske eller i ei flaske som er god å helle av. Ha ei flaske ståande ved kjøkenvasken til oppvasken, på badet til baderomsvasken, og på vaskerommet til golvvasken og klesvasken!

Merk at den flytande såpa vil vere veldig «tynn» fordi det ikkje er nokon slags form for tilsetning for å tjukne ho. Såpa er likevel veldig effektiv og dryg.

Den flytande såpa kan også brukast som ein flekkfjerningsspray, og er fin å forbehandle flekkar med før maskinvask. Bland da ut i mindre mengder vatn, eitt glas er passleg til 4 dl vatn. Sprut på flekken før du legg plagget i maskina og vaskar på vanleg vis.

Her kan du kjøpe såpe som kan blandast ut til flytande såpe