Olivensåpe frå Fjellbit

Olivensåpe frå Fjellbit er laga av kun olivenolje! Såpe laga av olivenolje er svært mild og skånsam til huda. Likevel blir du heilt rein!

Olivensåper til tørk

Når såpa blir laga blir det brukt meir olivenolje enn det som blir «forsåpa». Dette gjer at det i tillegg til såpestoffa frå olivenolja blir att ein del rein olivenolje i såpa. Dette vil pleie og smørje huda medan du vaskar deg. Olje er også kjent for å løyse opp olje, og er derfor også med å vaske bort smuss. For eksempel kan såpa brukast til å fjerne sminke i ansiktet. Pass berre på rundt augene, det er fortsatt ei såpe og vil svi om du får den innpå.

Fordi det er godt med olje er olivensåpa også veldig fin som barbersåpe. Skum og olje vil både få barberhøvelen til å gli lett, og beskytte huda under barberinga. Fordi såpa er så mild kan den brukast til barbering både i ansikt og til heile resten av kroppen. Og fordi det ikkje er tilsett noko parfyme eller lukt passar den like godt til både kvinner og menn!

Olivensåpa kan trygt anbefalt til ALLE i alle aldre, frå babyar, til gravide og gamle. Den er eit absolutt fyrsteval om du har sart og tørr hud, og den kan brukast både som håndsåpe og i dusjen. Har du tørt hår eller hodebunn kan du også bruke den som sjampo. Gamle har ofte tørr hud, og håret blir ofte tørt når det blir grått. Fleire med krusete og tørt hår har fortalt at olivensåpa dempar kruset og får fram krøllane i håret!

Små barn og babyar har sart hud og ofte fint hår, og olivensåpa er derfor fin både som såpe både til møkkete stumpar og som sjampo. Olivensåpa er laga av 100 % olivenolje, utan nokon form for tilsetning som hormonforstyrrande stoff eller parfyme og kan derfor trygt brukast!

Kjøp olivensåpa her