Talg (tallow) i hudpleie
Det fins ei rekke gode grunnar til at talg er så bra å bruke i hudpleie! Talg er næringsrikt, og bidreg med blant anna gode feittsyrer og ulike vitamin til huda. Feittsyrene er like våre eigne, og gir god fuktigheit samstundes som dei vil beskytte huda utan å tette porene. Talg er naturleg rikt på vitamin som A, D, E og K. Talg inneheld alt huda vår treng!
Talg har også antiinflammatoriske eigenskapar som kan hjelpe tørr, irritert eller sensitiv hud. Hudpleieprodukt som inneheld talg kan hjelpe den som lett får eksem, og er veldig fin til baby og barn.
Fjellbit har ein eigen serie av såper som er laga med talg. Såpene vil vaske huda mildt og skånsomt, samstundes som dei bidreg med fukt og pleie av huda.
Talg er 100 % naturleg, og er eit bærekraftig alternativ. Mykje av feittet som blir nytta i såpene hadde elles vorte kasta. Fjellbit brukar talg av dyr i lokalmiljøet, dyr som har hatt eit godt liv på gardar som vi kjenner, eller har levd ute i skogen og på fjellet.