Såpe

Fjellbit lagar mest faste såper, alle handlaga på garden. Det er såper til håndvask og dusj, samt nokon til hushaldninga og tekstil. Farga vil vere naturleg ettersom kva oljer som er brukt, og om det er brukt urter. Ingen tilsett farge vil gjere at såpestykka bleiknar etter kvart, og kvar batch som blir laga vil kunne sjå litt ulik ut.

Faste såper treng å tørke mellom kvar gong ho er i bruk. Legg derfor såpestykket luftig på ei rist eller liknande mellom kvar gong ho er i bruk. 

Fjellbit brukar ikkje nokon tilsetningsmiddel anna enn fjellets og gardens urter. Urtene blir enten tørka og det blir laga eit oljeuttrekk av dei, eller dei blir trekte i vatn og det blir eit avkok. Oljeuttrekka eller avkoket blir så brukte i såpene.