Sjampo i fast form

Fjellbit tilbyr sjampo i fast form! Sjampostykka er laga av reine, naturlege råvarer og inneheld ikkje parfyme eller kunstige tilsetjingsstoff. Dei kan trygt brukast både av baby og gravide.

Sjampo

Å bruke fast og naturleg sjampo i form av såpestykke er kanskje litt framandt for mange. Å ta dei i bruk er nok stort sett berre ein vanesak. Berre skum opp sjampobaren i hendene, og vask håret med dette. Har du langt hår er det også greitt å ta sjampobaren direkte på håret litt i tillegg.

Sjamposåpene er svært milde og skånsame, og kan verke mot flass og tørr hovudbotn. I tillegg inneheld dei urter som gir glans og pleie til håret, og motverkar feitt hår. Mange opplever at dei har mindre behov for balsam når dei går over til naturleg sjampo.

Sjampo frå Fjellbit kan brukast til alle i alle aldre, og sidan den ikkje inneheld parfyme, men kun luktar såpe, er den like god til mann som til dame. Ynskjer du berre ei såpe kan den også brukast på heile kroppen. Perfekt på reise! Eit sjampostykke er drygt i bruk, og du har av det lenge.

Fjellbit har to sjampovariantar å velje i:

SJAMPO er ein rein vegetabilsk variant laga av olivenolje, kokosolje og urtar bra for hår og hovudbotn.

EINERSJAMPO er for den som ynskjer å nytte talg i sin hudpleie. Den inneheld talg, olivenolje, kokosolje og einerlåg.