Slik vaskar du bunadsskjorta di

Fjellbit si såpe Parlaus er perfekt til å vaske både bunadsskjorta, og til oppfrisking av bunaden ellers. Parlaus kjem i både fast type i form av såpestykke, og ein gele på glas som kan blandast ut til meir flytande såpe.

Bunadsskjorte

Vi brukar gjerne våre finaste plagg på festdagar! Vi vil behalde dei fine kleda fine, og da må vi vaske dei skånsomt. Fjellbit si såpe Parlaus er laga av KUN kokosolje, og vaskar skånsomt men effektivt utan nokon form for kraftige kjemikalier eller tilsettingsmiddel.

Fjellbit si såpe Parlaus er perfekt både til å vaske bunadsskjorta og til oppfrisking av bunaden ellers. Parlaus kjem i både fast form som såpestykke og som gele på glas. (Denne kan blandast med vatn til meir flytande såpe.) Begge deler vaskar effektivt, og kva du foretrekkjer er ein smaksak.

Ofte kjem vi heim med diverse flekkar på kleda etter festlege lag. Det kan vere ketchup, saus, vin eller anna, og da kan det vere lurt å forbehandle flekken litt før vask. Ofte blir skjortekragen også møkkete av t.d. hudkrem eller sminke.

Gjer slik:

  • Fukt flekken
  • Gnikk på med Parlaus såpe
  • Vask som vanleg i maskin eller for hand. Bruk gjerne litt oppspona Parlaus såpe som vaskemiddel, eller bruk Parlaus såpe på glas.

Så enkelt er det! 😊

Får du flekkar på andre delar av bunaden, eller han treng ein lita oppfrisking, kan Parlaus såpe brukast på alle tekstil. Om du ikkje vil vaske heile bunaden kan du gå over med ein fuktig klut med litt såpe på. Bruk ein klut med reint vatn etterpå, og heng bunaden til lufting før du hengjer han inn i skapet igjen.

Parlaus såpestykke kan du kjøpe her.

Ynskjer du Parlaus i geleform eller flytande kan du gå inn her.