Ærlig by Walle Leppepomade naturell -talgbasert leppepomade

Produktnummer: 000042-43

Lindre sårheit, mjukgjer og beskytt leppene dine med Ærlig by Walle sin talgbaserte Leppepomade.

kr130,00

PÅ LAGER - 3-5 DAGERS LEVERING

Kategorier: ,

Beskrivelse

Ærlig by Walle sin Leppepomade er ei næringsrik leppepomade laga av kun to ingrediensar: talg og lanolin. Den er utan parfyme eller essensielle oljer. Heilt naturleg leppepleie for deg som ynskjer få ingrediensar med god effekt.

Påfør etter behov på tørre eller sprukne lepper. Kan brukast dagleg og etter behov gjennom heile året.

Leppepomada er laga av «Ærlig by Walle» -ei norsk bedrift som lagar hudpleieprodukt av få og naturlege ingrediensar.

OBS. Talg er ein naturleg ingrediens som kan oppføre seg ulikt frå batch til batch. Konsistensen kan derfor variere. Det er eit bevisst valg å unngå bruk av kunstige tilsetningsstoff i produksjonen. Ærlig by Walle går ikkje for eit perfekt ytre, men eit næringsrikt, reint og naturleg innhald, akkurat slik Fjellbit likar det!

Bruksområde

  • Pleie og beskytting av lepper
  • Til barn og vaksne

Produktfordelar

  • Mild og skånsom
  • Mjukgjerande og beskyttande
  • Lindrande til sprukne lepper
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Dryg i bruk
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Kjem i praktisk metallboks

Ingrediensar

  • Økologisk talg frå storfe
  • Lanolin

Leppepommada har ei ljos farge. Oppbevar i romtemperatur.

15 ml

OmtalerSkriv en omtale

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Ærlig by Walle Leppepomade naturell -talgbasert leppepomade»

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *