Beskrivelse
Pakka inneheld eit stykke Fjellbit Talgsåpe med snor og eit stykke Såpe for Heimen, laga med talg frå storfe. Naturlege, allergivenlege og miljøvenlege såper med 100 % naturlege ingrediensar.
Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene, og vil gje fukt og pleie til huda medan den vaskar. Såpene er mild og skånsom, og kan brukast til heile kroppen.
Talgsåpa med snor inneheld også ringblomst og honning. Ringblomst er kjent for ei rekke gode eigenskapar innan hudpleie, og har vore brukt i naturmedisin i årtider. Blomen er helande på små sår og skader i huda, og kan hjelpe mot ei rekke hudplager. Honning er ein naturleg ingrediens kjent for å oppretthalde den naturlege fuktigheita i huda, og såpa kan brukast til både tørr hud, feit hud og blandingshud.
Såpe for Heimen er ei naturleg såpe til all slags vask, til dømes rundvask, klesvask og flekkfjerning.
Dei håndlaga såpene blir produsert i fjellbygda Skjåk, på heimgarden til Fjellbit-gründer Ragnhild. Ringblomsten blir dyrka på garden, og honningen kjem frå eigen bigard.
Bruksområde
- Hånd og kroppssåpe
- Ansiktssåpe
- Husvask
Produktfordelar
- Mild og skånsom for huda
- Talg frå lokalt storfe som har gått på utmarksbeite i fjellbygda Skjåk
- 100 % naturlege ingrediensar
- Lokalt dyrka urter
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
- Nøytral lukt
Ingrediensar Talgsåpe med snor
- Talg av storfe
- Olivenolje
- Ringblomst
- Honning
- Salt
Ingrediensar Såpe for Heimen
- Talg av storfe
- Kokosolje
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Såpene inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
Vekt: Kan variere, men alle stykker er ca 60-100 gram






OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.