Beskrivelse
Fjellbit Einersjampo er ein naturleg, allergivenleg og miljøvenleg sjampo med 100 % naturlege ingrediensar.
Dette er ein heimelaga, fast sjampo laga av talg frå storfe og oljer som er gode for hår og hovudbotn. Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene, og vil pleie hovudbotnen medan den vaskar.
Einersjampoen inneheld også einerlåg. Einer er kjent for sine reinsande eigenskapar, og kan motverke flass og utslett i hovudbotnen. Einer er ellers kjent for å gje blankt og glansfullt hår.
Sjamposåpa kan gjerne brukast til resten av kroppen som ein dobbeltdusj om du ynskjer å bruke berre ei såpe.
Den håndlaga sjampoen blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå. Einer blir sanka i skogen rundt garden.
Bruksområde
- Sjampo, men kan også nyttast som hånd- og kroppssåpe
Produktfordelar
- Mild og skånsom for hovudbotnen
- Talg frå lokalt storfe som har gått på utmarksbeite i fjellbygda Skjåk
- 100 % naturlege ingrediensar
- Lokalt sanka urter
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Vil pleie håret medan den vaskar og mange treng ikkje balsam etterpå
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg sjampo som du har glede av lenge
- Nøytral sjampo utan sterk lukt
- Praktisk gjennomgåande snor til oppheng
Ingrediensar
- Talg av storfe
- Olivenolje
- Kokosolje
- Einerlåg
- Salt
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Einersjampoen inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Desse stykka med såpe kjem med ei gjennomgåande og praktisk snor slik at du enkelt kan henge den opp for tørk.
Vekt: ca 100 gram
OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.