Beskrivelse
Ærlig by Walle sin Kamillesalve er ein næringsrik talgkrem med mange bruksområde. Kamille er kjent for sin lindrande, beroligande og betennelsesdempande effekt. Kamillesalve er derfor perfekt til hud som treng litt ekstra omsorg. Til eksem, psoriasis, sår og tørr hud. Kremen vil lindre irritert hud som klør, og er mjukgjerande. Den er også super som kuldekrem.
Kamillesalva er basert på talg frå storfe og lanolin frå sau. Dette er ingrediensar som liknar huda si eigen feittsyreprofil og bidreg med å halde huda mjuk og smidig. Få og naturlege ingrediensar gjer produktet perfekt for deg med sensitiv hud.
Produktet har ei naturleg og ljos farge, og ei mild lukt av kamille.
Kamillesalva er laga av “Ærlig by Walle” -ei norsk bedrift som lagar hudpleieprodukt av få og naturlege ingrediensar.
OBS. Talg er ein naturleg ingrediens som kan oppføre seg ulikt frå batch til batch. Konsistensen kan derfor variere. Det er eit bevisst valg å unngå bruk av kunstige tilsetningsstoff i produksjonen. Ærlig by Walle går ikkje for eit perfekt ytre, men eit næringsrikt, reint og naturleg innhald, akkurat slik Fjellbit likar det!
Bruksområde
- Heile kroppen -også ansiktet
- Til barn og vaksne
- Sår og irritert hud
- Ved eksem og hudproblem
Produktfordelar
- Mild og skånsom for huda
- Mjukgjerande
- Lindrande til kløande hud
- Inneheld ikkje vatn og er derfor fin som kuldekrem
- 100 % naturlege ingrediensar
- Dryg i bruk
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Kjem i praktisk metallboks
Ingrediensar
- Økologisk talg frå storfe
- Lanolin
- Økologisk jojobaolje
- Økologisk kamille-ekstrakt
Oppbevar i romtemperatur.
50 ml
OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.