Fjellbit Gavepakke Talg, heimelaga såper og sjampo med storfetalg

Produktnummer: 000021-1-1

Få reint hår, reine hender og mjuk hud med Fjellbit sine heimelaga såper med talg frå norsk storfe – naturlege og allergivenlege såper heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

kr635,00

PÅ LAGER - 3-5 DAGERS LEVERING

Kategorier: , , , , , ,

Beskrivelse

Fjellbit Gavepakke Talg er ei pakke med 3 ulike såpebarar laga med talg frå norsk storfe.

Det er lang tradisjon på gardane rundt omkring i å bruke talg frå storfe til såpe. Talg er svært næringsrikt, og inneheld blant anna mange vitamin og feittsyrer som er bra for huda. Næringsstoffa trekkjer lett inn i huda di utan å tette porene. Såpene kan brukast til både tørr hud, blandingshud og feit hud.

Einersjampo er ein naturleg sjampobar med eigenskapar som er bra for å vaske hår og hovudbotn. Einersjampo er laga med einerlåg, og kan motverke flass og utslett i hovudbotnen. Einer er kjent for sine reinsande eigenskapar, og for å gje blankt og glansfullt hår.

Talgskrubb er eit såpestykke tilsett litt kaffegrut, og vil gje ein naturleg skrubb til huda. Bruk det til møkkete hender, eller ta det med i dusjen for ei naturleg spakjensle. Såpa vil vaske reint det meste, samstundes som den er mild og gjev mykje fuktigheit til huda.

Talgsåpe er den mildaste av såpene, og kan brukast til heile kroppen. Den er fin til vask og reins av ansiktet. Den er tilsett ringblomst og litt honning. Honning er ein naturleg ingrediens kjent for å oppretthalde den naturlege fuktigheita i huda. Ringblomst er kjent for ei rekke gode eigenskapar innan hudpleie, og har i årtider vore brukt til naturmedisin. Såpa er fin til urein hud, og kan hjelpe mot kviser.

Dei håndlaga såpene blir produsert i fjellbygda Skjåk, på heimgarden til Fjellbit-gründer Ragnhild. Honningen kjem frå eigen bigard. Såpene er laga for hand av kun naturlege råvarer, og vil derfor kunne framstå litt ulikt i farge frå batch til batch. Dei har ei mild lukt av rein såpe, utan nokon essensielle oljer eller parfyme. Såpene passar for alle; unge, gamle og kvinner og menn.

Bruksområde

  • Håndsåpe
  • Kroppssåpe
  • Sjampo

Produktfordelar

  • Mild og skånsom for huda
  • Inneheld talg frå norsk storfe
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Utan kunstige tilsetjingsstoff
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge

Ingrediensar

Einersjampo:

  • Talg av storfe
  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Einerlåg
  • Salt

Talgskrubb:

  • Talg av storfe
  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Kaffegrut
  • Salt

Talgsåpe:

  • Talg av storfe
  • Olivenolje
  • Ringblomst
  • Honning
  • Salt

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 90 gram per såpestykke

OmtalerSkriv en omtale

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Fjellbit Gavepakke Talg, heimelaga såper og sjampo med storfetalg»

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *