Fjellbit Favorittpakketilbod: Kaffeskrubb, Ringblomstsåpe og Tursåpe

Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga håndsåpe med ringblomst frå Skjåk – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den heimelaga ringblomstsåpa er laga av naturlege ingrediensar frå Skjåk – i og av lokale fagfolk frå Skjåk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.

kr390,00

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Favorittpakke med fjellbitsåper laga av 100 % naturlege, allergivenlege og miljøvenlege ingrediensar.

Kaffeskrubb og Ringblomståpe er heimelaga, milde og pleiande hånd- og kroppssåper. Tursåpa kan brukast til det meste av reingjering, og er bestevenn på tur!

Fjellbit Kaffeskrubb er tilsett kaffegrut, noko som gjev huda ein naturleg skrubb-effekt. Denne effekten gjer såpa godt egna til å fjerne smuss og lukt av huda – ideelt til alt frå tøffe arbeidsnevar til mekanikarar, bønder og gartnerar til håndsåpe på kjøkenet. Oljene i såpa gjev fukt og pleie til huda. Ta den gjerne også med i dusjen og nytt den for å få ei naturleg spa-oppleving.

Fjellbit Ringblomstsåpe inneheld ringblomst, som er kjent for ei rekke gode eigenskapar innan hudpleie, og har vore brukt i naturmedisin i årtider. Ringblomst er helande på små sår og skader i huda, og kan hjelpe mot ei rekke hudplager. Ringblomst er også nydeleg å sjå på, og tilfører såpene ei fin gul-orange farge. Oljene i såpa gjev fukt og pleie til huda.

Fjellbit Tursåpe er ein såpebar som kan brukast til all slags vask. Den kan brukast til oppvask, flekkfjerning og vask av klede og utstyr. Såpa kan også brukast til vask av ekstra møkkete hender. Den tek vekk alt frå sot, kvae og skit til blod dersom du skulle vera så uheldig å få eit sår på turen. Tursåpa kan også gjerne brukast i heimen til t.d. flekkfjerning på klede og møblar.

Dei håndlaga såpene blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden til Fjellbit-gründer Ragnhild. Ringblomsten blir dyrka økologisk på garden, og sanka og tørka før den blir lagt i olje for å få uttrekk til såpene.

Bruksområde

  • Håndsåpe
  • Kroppssåpe
  • Oppvask
  • Flekkfjerning

Produktfordelar

  • Svært mild og skånsom for huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Nøytral såpe utan sterk lukt
  • Peelingeffekt
  • Skrubbeffekt, fjernar både lukt og skit godt
  • Vaskar reint utan å tørke ut huda
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge
  • Vaskar reint utan farlege kjemikaliar
  • Skånsom, men effektiv flekkfjerning
  • Konsentrert og fast såpe som veg lite i sekken

Ingrediensar

KAFFESKRUBB:

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Rapsolje
  • Sheasmør
  • Kaffegrut

RINGBLOMSTSÅPE:

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Rapsolje
  • Ringblomst

TURSÅPE:

  • Kokosolje

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Såpene inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt:

Kaffeskrubb: ca 100 gram

Ringblomstsåpe: ca 100 gram

Tursåpe: ca 40 gram

OmtalerSkriv en omtale

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Fjellbit Favorittpakketilbod: Kaffeskrubb, Ringblomstsåpe og Tursåpe”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *