Fjellbit “Bestemors Gavepakke” med heimelaga såper og såpepåså

Fjellbit “Bestemors Gavepakke” er ei pakke med 3 handlaga produkt frå Skjåk; Bestemors Finsåpe, Parlaus såpestykke og ein hekla såpepåså til vask og oppheng/tørk av såpe. Produkta kjem levert i ei pen gaveeske frå Fjellbit.

Få reine hender, mjuk hud og fjern alle flekkar med Fjellbit sine heimelaga såper med 100 % naturlege ingrediensar -allergivenlege såper heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Dei heimelaga såpene er produsert i Skjåk av lokale fagfolk med lokale ingrediensar.

kr330,00

PÅ LAGER - 3-5 DAGERS LEVERING

Kategorier: , , , , , ,

Beskrivelse

Fjellbit “Bestemors Gavepakke” er ei pakke med 3 handlaga produkt frå Skjåk; Bestemors Finsåpe, Parlaus såpestykke og ein hekla såpepåså til vask og oppheng/tørk av såpe. Produkta kjem levert i ei pen gaveeske frå Fjellbit.

Bestemors Finsåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe til kroppen med 100 % naturlege ingrediensar.

Den heimelaga såpa er mild, og kan nyttast både som håndsåpe og kroppssåpe. Oljene gir fukt og pleie til huda. Urtene groblad, nesle og ryllik er kjent for å hjelpe mot ein rekke hudplager.

Groblad har i naturleg hudpleie vore brukt til reinsing av sår og hjelp huda med å gro. Nesle er ei kjelde til ei rekke mineral og vitamin, og er rekna som ei av dei mest næringsrike i naturen. Ryllik har blandt anna tradisjonelt vore brukt til å hjelpe sår hud.

Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene. Oljene i talgsåpa gjev fukt og pleie til huda.

Bestemors Finsåpe vart til da Ragnhild stolt viste bestemor på garden ei nylaga såpe med olivenolje og nesle, og bestemor kalla dette for ei “finsåpe”. Tradisjonshandverket såpekoking, fornya av fine oljer og urter gjev ei supersåpe til huda!

Parlaus er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg hushaldningssåpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Såpa kan brukast for naturleg vask av heile huset. Den kan brukast til flekkfjerning, golvvask, rundvask og klesvask. Den er spesielt bra til vask av treverk og andre naturmateriale som bomull, lin og ull.

Som flekkfjerningssåpe er den heilt parlaus både på harde flater og på tekstilar.

Parlaus hushaldningssåpe kan også brukast som ein naturleg og miljøvenleg handreins. Såpa tek vekk alt frå olje, kvae og anna smuss.

Dei håndlaga såpene blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild. Urtene blir plukka på garden eller i skogen rundt.

Fjellbit Såpepåså er ein hekla pose av garn av 100 % bomull som du kan oppbevare såpa di i. Fast såpe må tørke mellom kvar gong du brukar ho, og i denne posen vil ho henge luftig og fritt og du vil ha ho lenge. Det er også fint å putte mindre bitar av såpe inni påsån, så får du nytta alt!

Bruk med såpa inni når du vaskar deg og få ein naturleg skrubbeffekt på huden. Påsån er kjempefin å ha hengande i dusjen.

Den håndlaga Såpepåsån er hekla av kårkjerringa på garden; mor til Ragnhild.

 Bruksområde

  • Håndsåpe, men kan også nyttast som kroppssåpe
  • Hushaldningssåpe
  • Flekkfjerning
  • Rundvask
  • Golvvask
  • Klesvask
  • Oppvask
  • Handrens
  • Lager og tørk av fast såpe
  • Skrubbing av hender og kropp

Produktfordelar

  • Mild og skånsom for huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Lokalt sanka urter
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge

Ingrediensar Bestemors Finsåpe

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Rapsolje
  • Groblad
  • Nesle
  • Ryllik

Ingrediensar Parlaus

  • Kokosolje

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Såpene inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe med eit hint av naturlege urter i dei som inneheld det. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: Ca 100 gram

OmtalerSkriv en omtale

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Fjellbit “Bestemors Gavepakke” med heimelaga såper og såpepåså”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *