Beskrivelse
Pakka inneheld eit stykke Fjellbit Einersjampo og eit stykke Fjellbit Talgsåpe. Begge er ein naturlege, allergivenlege og miljøvenlege såper med 100 % naturlege ingrediensar, og inneheld talg frå storfe. Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene, og vil gje fukt og pleie til hovudbotnen og huda medan den vaskar.
Fjellbit Einersjampo:
Dette er ein heimelaga, fast sjampo laga av talg frå storfe og oljer som er gode for hår og hovudbotn. Einersjampoen inneheld også einerlåg. Einer er kjent for sine reinsande eigenskapar, og kan motverke flass og utslett i hovudbotnen. Einer er ellers kjent for å gje blankt og glansfullt hår.
Sjamposåpa kan gjerne brukast til resten av kroppen som ein dobbeltdusj om du ynskjer å bruke berre ei såpe.
Fjellbit Talgsåpe:
Ei heimelaga såpe med talg frå storfe. Såpa er mild og skånsom, og kan brukast til heile kroppen. Såpa er fin også til vask og reins av ansiktet.
Talgsåpa inneheld også ringblomst og honning. Ringblomst er kjent for ei rekke gode eigenskapar innan hudpleie, og har vore brukt i naturmedisin i årtider. Blomen er helande på små sår og skader i huda, og kan hjelpe mot ei rekke hudplager. Honning er ein naturleg ingrediens kjent for å oppretthalde den naturlege fuktigheita i huda, og såpa kan brukast til både tørr hud, feit hud og blandingshud.
Dei håndlaga såpene blir produsert i fjellbygda Skjåk, på heimgarden til Fjellbit-gründer Ragnhild. Urtene og eineren blir plukka på og rundt garden, og honningen kjem frå eigen bigard.
Bruksområde
- Sjampo
- Hånd og kroppssåpe
- Ansiktssåpe
Produktfordelar
- Mild og skånsom for hud og hovudbotn
- Talg frå lokalt storfe som har gått på utmarksbeite i fjellbygda Skjåk
- 100 % naturlege ingrediensar
- Lokalt sanka urter
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
- Nøytral lukt
Ingrediensar Einersjampo
- Talg av storfe
- Olivenolje
- Kokosolje
- Einerlåg
- Salt
Ingrediensar Talgsåpe
- Talg av storfe
- Olivenolje
- Ringblomst
- Honning
- Salt
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Såpene inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
Vekt: Kan variere, men dette er stort sett store stykker over 100 gram.
OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.