Beskrivelse
Fjellbit Såpe med urter er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.
Den heimelaga såpa er nøytral og mild, og svært god som håndsåpe. Den kan også nyttast som kroppssåpe, og med den praktiske snora til oppheng passar den svært godt som dusjsåpe. Såpa er laga med ei nøytral såpebase, og tilsett små bitar av dei andre vegetabilske såpene frå Fjellbit med ulike urter frå garden og skog og fjella rundt. Slik vil kvart stykke vere unikt marmorert, og du får eit stort stykke rustikk sjåandes ut såpe.
Den håndlaga såpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden til Fjellbit-gründer Ragnhild.
Bruksområde
- Håndsåpe, men kan også nyttast som dusj/kropps-såpe.
Produktfordelar
- Mild og skånsom for huda
- 100 % naturlege ingrediensar
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Gjev ekstra fukt til tørr hud
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
- Praktisk snor til oppheng
Ingrediensar
- Olivenolje
- Kokosolje
- Rapsolje
- Urter (høymole, honning, ringblomst, einer, furu, groblad, nesle)
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Fjellsåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe, kanskje med eit lite hint av vekstene som er tilsett såpa.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Den praktiske snora gjer at du får hengt såpa opp og ho tørkar godt, og gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
Vekt: 150 – 200 gram
OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.