Beskrivelse
Naturleg solkrem med fysisk solfilter som beskyttar mot UVA- og UVB -strålar. Solkremen har SPF 30. Det er brukt dei naturlege solfiltera Sinkoksid NON-NANO og Titandioksid NON-NANO. Fysiske solfilter verkar ved å legge ei hinne på huda som reflekterar og sprer UV-strålane og dermed beskyttar huda.
Solkrem med fysisk solfilter og naturlege ingrediensar kan passe ekstra fint for personar med allergi / sensitiv hud. Denne solkremen inneheld ingen parfyme eller eteriske oljer.
Solkremen inneheld i tillegg ei rekke gode oljer som bidreg til å gi næring og regenerere huda:
💛 Ringblomstolje kan virke regenererande og helande, og lindrar solforbrenning.
💛 Jojobaolje beskyttar og gjenoppbygger hudbarrieren, har antibakterielle og antiinflammatoriske eigenskaper og inneheld i tillegg naturleg solbeskyttelse.
💛 Hvetekimolje er veldig næringsrik olje med høgt innhald av E-vitamin.
💛 Uttrekk av nesle. Nesle inneheld mykje silisium som eit viktig mineral for huda, og kan ha god effekt på eksem og irritert hud.
💛 Gulrotfrøolje er ei naturleg frøolje, full av antioksidantar og essensielle feittsyrer.
💛 Talg er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K
💛 Bivoks har vannfast effekt som hjelper solkremen med å halde lenger, også etter bading. Beskytter huda mot dehydrering. Bivoks har ein antiinflammatorisk effekt, beroligar irritert hud og motvirkar kløe. Passer til alle hudtypar, og tettar ikkje porer. Bivoks har eit naturleg innhald av antioksidanter som beskytter huda mot frie radikaler frå forurensing og UV-stråling.
Den handlaga solkremen blir produsert på ein gard på Voss av Symre hudpleie. Du finn den i to storleikar; 50 ml og 100 ml.
BESKYTTELSE OG BRUK: SPF 30. Rist flaska godt før bruk. Smør deg 1 gong i timen for optimal beskyttelse. Bruk ei handfull med krem til heile kroppen for å få beskyttelse tilsvarane SPF på produktet.
ADVARSEL: Merk at solkrem aleine aldri gir full (100 prosent) beskyttelse mot UVA og UVB. Hald deg borte frå sola når den er på det sterkaste, dekk deg til med klede som beskyttelse.
Bruksområde
- Solkrem
Produktfordelar
- Mild og skånsom for huda
- Talg inneheld mange vitamin og feittsyrer som er gode for huda
- 100 % naturlege ingrediensar
- Dryg i bruk
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Passar sensitiv hud
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Nøytral lukt
- Parfymefri
Ingrediensar:
- Ringblomstolje
- Sinkoksid NON-NANO
- Hvetekimolje
- Uttrekk av brennesle
- Titandioksid NON-NANO
- Gulrotolje
- Talg frå storfe
- Jojobaolje
- Bivoks
Haldbarheit: Minimum 12 mnd etter at flaska er opna, men som regel held solkremen seg veldig mykje lenger. Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys.
OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.