Beskrivelse
Her får du naturleg sminkefjernar og augebalsam i eitt! Den fjernar sminke rask og effektivt, både vanleg og vannfast maskara. Den skal ikkje vaskast av, og etterlet huda fin og smidig. Den gir god fukt, næring og pleie, og kan også gjerne brukast som nattkrem.
Den er parfymefri, og eignar seg svært godt til følsom og sensitiv hud. Den inneheld ei rekke næringsrike ingrediensar som tilfører huda vitamin, fukt og beskytting.
Korleis bruke sminkefjernaren/augebalsamen: Smør tynt på i ansiktet, og tørk forsiktig av med ein mjuk klut/sminkepad. For å fjerne maskara, smør litt på auge/augevipper med fingeren og gni lett. Tørk av med ein mjuk klut/sminkepad, du skal ikkje vaske den av. Når all sminke er fjerna kan du smørje litt ekstra for god pleie. Balsamen er god til hovne og tørre auger.
Den handlaga sminkefjernaren og augebalsamen blir produsert på ein gard på Voss av Symre hudpleie. Du finn den i to storleikar, ein liten på 15 ml og ein større boks på 50 ml.
Bruksområde
- Sminkefjernar
- Augebalsam
- Nattkrem
- Pleie av hovne og tørre augo
Produktfordelar
- Mild og skånsom for huda
- Talg inneheld mange vitamin og feittsyrer som er gode til huda
- 100 % naturlege ingrediensar
- Dryg i bruk
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Passar sensitiv hud
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Nøytral lukt
- Parfymefri
Ingrediensar
- Økologisk talg frå storfe
- Økologisk kaldpressa mandelolje
- Squalane
- Bivoks
Haldbarheit: minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held salva seg veldig mykje lengre. Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte solljos.
60 ml
Samira –
Beste jeg har prøvd!