Beskrivelse
Symre Ansiktskrem naturell er ein silkemjuk krem laga med kun to naturlege ingrediensar! Den passar for alle hudtypar, men er særskilt god for eksem og sensitiv hud. Kremen er mjukgjerande og næringsrik.
Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår. Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekkjer difor raskt inn og gir næring. Talg har eit naturleg innhald av feittløyseleg vitamin som A, D, E og K.
Økologisk ringblomstolje er eit vidundermiddel for huda. Ringblomst er ein av dei mest brukte vekstane i naturleg hudpleie. Den kan virke regenererande, helande og beroligande. Til tørr problemhud er dette er veldig god olje. Ringblomst er også kjent for å vera helande for solbrendt hud.
Ansiktskremen har ei mild lukt av talg og planteolje. Perfekt for deg som ynskjer få og reine ingredienser utan parfyme i hudpleien din.
Den håndlaga hudkremen blir produsert på ein gard på Voss av systrene i Symre hudpleie.
Bruksområde
- Ansiktskrem
- Ved eksem og hudproblem
Produktfordelar
- Mild og skånsom for huda
- Talg inneheld mange vitamin og feittsyrer gode til huda
- 100 % naturlege ingrediensar
- Lokalt handverk laga på lokale ressursar
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Gjev ekstra fukt til tørr hud
- Kan brukast av alle – uansett alder
Ingrediensar
- Økologisk talg frå storfe
- Økologisk ringblomstolje
Haldbarheit: minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lengre. Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte solljos.
60 ml







OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.