Beskrivelse
Fjellbit Bivokspåså er ein sydd pose av bomullsstoff, behandla med ei blanding av bivoks, harpiks og litt kokosolje. Slik kan du oppbevare mat trygt utan bruk av plastikk. Posen er passleg tett og let maten puste, og du kan oppbevare han lenge. Pakk inn grønnsaker, nøtter, spekeskinke, brødskiver eller andre matvarer.
Bivokspåsån er sydd med ein flat botn på ca 13 x 12 cm. Denne storleiken gjer at den eignar seg godt som nistepakkepose. På grunn av innblanding av naturleg treharpiks er posen litt “klebrig”, og du kan enkelt lukke og opne den med å brette saman toppen.
Om posen treng å vaskast, skyll han i lunka vatn og la han lufttørke.
Den håndlaga bivokspåsån er laga i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden til Fjellbit-gründer Ragnhild.
Bruksområde for bivokspåsån
- Oppbevaring av mat
Laga av
- 100 % bomullsstoff, behandla med :
- Bivoks
- Treharpiks
- Kokosolje
Produktfordelar
- Miljøvenleg
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Utan plastikk, avgjev ikkje mikroplast
- Laga av naturmateriale, biologisk nedbrytbar
- Gjenbrukbar
- Naturleg antibakteriell
Mål på påsån:
- Botn: 12 cm x 13 cm
- Høgde: ca 20 cm.
Produktet kjem med ulike mønster på stoffet.
OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.