Fjellbit Fjellsåpe, heimelaga håndsåpe med furu- og einerlåg

Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga håndsåpe med furu og einerlåg frå Skjåk – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den heimelaga såpa er laga av naturlege ingrediensar frå Skjåk – i og av lokale fagfolk frå Skjåk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.

1 omtale

kr145

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Fjellbit Fjellsåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Den heimelaga såpa er nøytral og mild, og svært god som håndsåpe. Den kan også nyttast som kroppssåpe.

Furu- og einerlåg er kjent for å ha ein rensande og antiseptisk effekt, og har gjennom historia vore nytta til å motvirke ei rekke hudplager.

Den håndlaga fjellsåpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå. Einer og furunål blir sanka i skogen rundt garden.

Bruksområde

  • Håndsåpe, men kan også nyttast som kroppssåpe.

Produktfordelar

  • Mild og skånsom for huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge

Ingrediensar

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Rapsolje
  • Furunål
  • Einer

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Fjellsåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe, kanskje med eit lite hint av vekstene som er tilsett såpa.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 100 gram

1 omtaleSkriv en omtale

5,0
Basert på 1 anmeldelse
(1)
  1. Hanne F. Forberg

    Hvorfor bruke masse penger på skum til å shave legger og armhuler?? Bruk denne såpen som gjør samme jobben men legger igjen en kjempe god naturlig luft, fukt og litt fett til huden. Slutt på tørr vinterhud med denne såpen. Elsker den🍃
    Barberhøvelen sklir godt med å skumme litt med denne, null stress, du må orøve. Såpestykket varer i tillegg lenge.

Skriv en omtale

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *