Beskrivelse
I Fjellbit sitt Reisesett med Sjampo og Parlaus får du to naturlege, allergivenlege og miljøvenlege såper til naturleg vask av deg sjølv, klede og utstyr på tur.
Sjampo er ein mild, fast shampo laga av oljer og urter som er gode for hår og hovudbotn. Den vil motverke feitt hår, men likevel gje pleie til hår og hovudbotn. Sjamposåpa kan også brukast til resten av kroppen som ein dobbeltdusj, og er derfor perfekt på reise!
“Brennheto” er dialekt for urten nesle. Nesle er ei kjelde til ei rekke mineral og vitamin, og er rekna som ei av dei mest næringsrike i naturen. Avkok av nesle er kjent for å motvirke flass og gje glansfullt hår. Du kan difor nytte produktet som ein sjampo mot flass. Ryllik er også ei urt kjent for å vere fin å bruke i hårvask.
Parlaus er supersåpa som kan brukast til nesten alt! Den tek vanskelege flekkar på klede, kan brukast til oppvask på telttur og har du spesielt møkkete hender kan den gjerne brukast som handreins.
Med desse to såpene er du godt utstyrt til både campingtur, sydenferie eller telttur på fjellet. Pakk dei med deg i ein liten boks, eller inn i ein klut i ein pose. Såpene tek liten plass, og veg lite. Du kan også ta dei med i handbagasjen på fly.
Dei håndlaga såpene blir produsert i fjellbygda Skjåk, av Fjellbit-gründer Ragnhild. Urtene blir dyrka og plukka på garden, eller i skogen kring garden.
Bruksområde
- Sjampo, men kan også nyttast som hånd- og kroppssåpe
- Flekkfjerning
- Oppvask
- Klesvask
Produktfordelar
- Milde og skånsomme
- 100 % naturlege ingrediensar
- Lokalt sanka urter
- Allergivenlege
- Miljøvenlege
- Perfekte på reise
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreiste produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
- Lett å bære på og tek liten plass i bagasjen/tursekken
Ingrediensar
SJAMPO:
- Olivenolje
- Kokosolje
- Nesle
- Ryllik
PARLAUS:
- Kokosolje
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Såpene inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe med eit hint av urter i dei som inneheld det. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig ei stund etter bruk, eller pakk dei luftig inn i ein klut eller boks.
Vekt: Ca 2 x 40 gram
OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.