Beskrivelse
Her får du kjøpt 4 populære fjellbitsåper laga av 100 % naturlege, allergivenlege og miljøvenlege ingrediensar.
Fjellbit SJAMPO -med nesle og ryllik. Ein mild sjampo som er pleiande til hovudbotnen og gjev mjukt og glansfullt hår. Kan også brukast som ein dobbeltdusj til kroppen!
Fjellbit RINGBLOMSTSÅPE -med ringblomst. Mild hand- og kroppssåpe du kan bruke kvar dag til hender og kropp. Ringblomsten er økologisk dyrka på garden i Skjåk.
Fjellbit GROBLAD- OG BRENNHETOSÅPE -med urtene groblad og nesle. Mild såpe tilsett dei hudpleiande urtene groblad og nesle. «Brennheto» er dialektordet for nesle i Skjåk.
Fjellbit KAFFESKRUBB -med tilsette kaffekorn. Denne såpa vil skrubbe huda rein, samstundes som den tilfører fukt og pleie for huda. Bruk den som ei naturleg spasåpe i dusjen, eller som handsåpe for møkkete hender. Tek vekk det meste av skit og lukt utan farlege kjemikal.
Dei håndlaga såpene blir produsert i fjellbygda Skjåk, på heimgarden til Fjellbit-gründer Ragnhild. Alle urter er sanka på og rundt garden.
Bruksområde
- Sjampo
- Håndsåpe
- Kroppssåpe
- Kroppspeeling
Produktfordelar
- Svært mild og skånsom for huda
- 100 % naturlege ingrediensar
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Gjev ekstra fukt til tørr hud
- Nøytral såpe utan sterk lukt
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Naturleg spa
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
- Få og naturlege ingrediensar
Ingrediensar
SJAMPO:
- Olivenolje
- Kokosolje
- Nesle
- Ryllik
- Salt
RINGBLOMSTSÅPE:
- Olivenolje
- Kokosolje
- Rapsolje
- Ringblomst
GROBLAD- OG BRENNEHETOSÅPE:
- Olivenolje
- Kokosolje
- Rapsolje
- Groblad
- Nesle
KAFFESKRUBB:
- Olivenolje
- Kokosolje
- Rapsolje
- Sheasmør
- Kaffegrut
Alle såper frå Fjellbit er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Såpene inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
Vekt:
Alle såpestykka veg ca 100 g










OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.