Beskrivelse
Fjellbit Sjamposåpe talg naturell er ein naturleg, allergivenleg og miljøvenleg sjampo med 100 % naturlege ingrediensar.
Dette er ein heimelaga, fast sjampo laga av talg frå storfe og oljer som er gode for hår og hovudbotn. Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene, og vil pleie hovudbotnen medan den vaskar.
Sjamposåpa kan også gjerne brukast som ei håndsåpe eller dusjsåpe til heile kroppen om du ysnkjer ei heilt naturell såpe utan noko tilsetning.
Den håndlaga sjampoen blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå.
Bruksområde
- Sjampo
- Håndsåpe
- Dusjsåpe
Produktfordelar
- Mild og skånsom for hår og hovudbotn
- Talg frå norsk storfe
- 100 % naturlege ingrediensar
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Vil pleie håret medan den vaskar, og mange treng ikkje balsam etterpå
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg sjampo som du har glede av lenge
- Naturell såpe utan sterk lukt
Ingrediensar
- Talg av storfe
- Olivenolje
- Kokosolje
- Salt
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Sjamposåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg derfor såpa luftig på ei såpebrikke, ei rist eller såpeskål mellom kvar gong du brukar ho så har du såpestykket lengje!
Vekt: ca 100 gram







OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.